26. juni 2009

Tanntråd


Tannlegen i Lavik seier eg må bli flinkare til å bruke tanntråd ... Og fluor ... Men eg kjem aldri til å bli flink til å bruke tanntråd og fluor. Likevel kjøpte eg ein sånn tanntrådhaldar i dag då eg var der. Berre for å ikkje skuffe ho ... No kan ho i alle fall få tru at eg har begynt eit nytt og betre liv.
So kan eg sjå om eg skjønar korleis denne tanntrådgreia fungerar.

25. juni 2009

Mat og Sommar

No er det skikkeleg sommar her i Brekke. Eg har til og med blitt solbrend! Ikkje at det skal so mykje til for at huda mi blir raud, då ...

Jonsokafta var Runa på besøk. Då var med nede ved sjøen heile kvelden og fyrte bål og åt mat. Og sang litt og spelte gitar. Og prata og kosa oss. Mamma og pappa hadde klart å skrape ihop nærare 30 personar til å feire ilag med oss, so då vart det liv=)

I går då eg og pappa køyrde Runa til Oppedal, sånn at ho kunne ta ferja heim att, fann me plutseleg ut at eg kunne jo komme på besøk til ho. So då gjorde eg det. Utan sko, pengar, eller badeklede! Difor var det fyrste me gjorde då me kom til Lavik, å gå på butikken. Der hadde nemleg Runa sett at dei hadde eit vekeblad der ein fekk ein bikini med på kjøpet. No kunne me bade masse=)

Elles bestod beøket i å ete mykje god mat. Me et heile tida når me er med kvarandre. Dei to siste dagane har eg vore veldig stappmett.

So da ...

17. juni 2009

Heisan, hoppsan

No kan eg endeleg gjere det offisielt at eg har fått fast plass på tredjekornett i Eikanger-Bjørsvik. Det kan jo bli interessant ... :) Eg veit ikkje om eg har komme over sjokket enno, men me får no sjå korleis det går ...

Elles har Sjur bursdag i dag. 16 år, so då kan han lærekøyre. Han skal vere konfransier på avsluttingsfesten på skulen i kveld, og eg og Ragnhild har laga ei krune til han som han må bruke mot si vilje:)

10. juni 2009

Rydding og vasking

Hovudinstrumenteksamen er ferdig, og det er berre èin eksamen att. I dag har det vore lesedag for oss som skal ha eksamen i musikkfordjuping i morgon. Lesedag? Eg meinte pakkedag. Me har nemleg begynt å pakke ned alle tinga våre.

Det er kjedeleg å pakke. No er alle veggane mine kvite og tomme.