23. februar 2010

Noko nytt

I dag har eg ridd på hest! I snjoen, nett som Askepott.

Og det var ikkje like skummelt som eg trudde det kom til å bli.

8. november 2009

Siddis Brass

No har eg akkurat komme attende til Manger etter Siddis Brass i Satavnger. For dei av deke som lurer, so er det ein konkurranse for brass band, der ein spelar underhaldningsmusikk. Dette gjekk veldig bra,

ME VANN=)=)=)=)

faktisk!

27. oktober 2009

Eg er støl

Eg er sliten og støl! Eg har nemleg trent i heile dag! I valfag var me på ein gåtur som tok to timar. Etter den hadde eg gnagsår på føtene, og var skikkeleg stiv. Klokka fem var det hallingkurs med Martin Myhr. Å danse halling er jo kjempetungt. Ein skal sprette og hoppe rundt heile vegen som om det var ... Veit ikkje heilt kva eg skal samanlikne det med, men det er tungt i alle fall! Og som om ikkje det var nok, so gjekk eg, Amanda og Ida Beate i bassenget for å bade etterpå!!! So stort sett heile dagen har gått med til trening ... Bortsett frå eit par timar innimellom som eg har brukt til å øve kornett/trompet. No skal eg slappe av!

12. oktober 2009

Bra

I dag skal eg attende til Manger. Det blir bra. Til helga skal eg på konsert i salem. Kongshaug<3 Det blir i alle fall bra!

27. september 2009

Sidan sist ...

... har det hendt mykje! For det fyrste har eg blitt tante for fjerde gong. Ragnhild og Steven fekk ei lita jente 09.09.09! Ho heiter Sigrid Marlene=)
I kveld har eg feira 30-årsjubileumet til Brekke skulemusikkorps. Me heldt konsert i kyrkja, og seinare på kvelden var det festmiddag på skulen. Kjempestas! Me fekk sjå videoklipp med korpset frå 80- og 90-talet. Det var veldig kjekt. Eg har kosa meg supermykje=)

4. september 2009

Hei, alle saman!

No har eg gått ca ei veke på Manger Folkehøgskule, og eg trivast ganske bra. Det er mange flinke og kjekke folk der. No er eg veldig trøytt etter ei veke på leir. Sidan me verken får lekser eller karakterar, er me konstant på leir utan å få dårleg samvet. Det er jo fantastisk! Det finst mange kjekke personlegdomar på skulen. Ho eg bur på rom med, t.d., heiter Helene, og er veldig grei og moro.
Det som fyrst slo meg som den største forskjellen mellom Kongshaug og Manger, var språket og ein del av samtaleemna. Men eg har det veldig bra, og trivast=)

På sundag må de forresten skru på radioen att, og få med deke neste sending i serien "Gudstenester frå Gulen".
På orgel: Olav Brennsæter
På kornett: Jorunn Evensen
(Det er òg andre medverkande)!


Fylgj med, fylgj med!!!

23. august 2009

Endeleg!

No er eg endeleg ferdig med sommarjobben for i år! Eg hadde mi siste vakt i dag, og det kjennest fantastisk å vere ferdig=)

No gler eg meg til å begynne på folkehøgskule.